UiO, Norsk Ordbok 2014

Omvendt ordbokUiO,Norsk ordbok

Skjønar du kva ord x er når du ser denne definisjonen? x = «styreform der (fleirtalet av) folket har avgjerdsmakta»

I bua til Norsk Ordbok kan du drive kodeknekking ved hjelp av ei «omvendt ordbok» der oppgåva er å finne fram til kva ord som skjuler seg bak definisjonstekstane. Vinnarane får kinobillettar og bøker. Vi sender på førehand ut oppgåvene til ungdomsskulane i Oslo og Akershus, så her blir det skarp konkurranse. I tillegg til dette kan du spele gateturnering i Wordfeud med kjempeklossar og elles vere med på fleire andre aktivitetar som har med språk og demokrati å gjere.

Kontakt:
Andreas Tandberg | 45 22 72 44 |andreas.tandberg@iln.uio.no|www.no2014.uio.no